Elisabeth Hatlenes
Er tilsett som Nordfjord-koordinator.
Elisabeth Hatlenes (41) frå Davik i Bremanger er tilsett i ei nyoppretta stilling som koordinator og rådgjevar for Nordfjordrådet (regionrådet i Nordfjord). Hatlenes vil mellom anna få ansvar for å følgje opp planar og vedtak i Nordfjordrådet, koordinere samarbeid mellom kommunar, næringsliv, utdanningsinsitusjonar og andre samfunnsaktørar i Nordfjord og delta i regionale utviklingsprosjekt.
- Samarbeidet i Nordfjord har dei siste åra styrka seg og er i dag meir omfattande enn nokon gong - ikkje minst innanfor utdanning, næringsutvikling, integrering og rekruttering. Eg er glad for at vi no får endå meir kraft i Nordfjord-samarbeidet ved at Elisabeth Hatlenes er tilsett i den nye stillinga som «Nordfjord-koordinator», seier ordførar i Stad og leiar i Nordfjordrådet, Alfred Bjørlo, i ei pressemelding
Publisert: 13.10.2021 09:03
Sist oppdatert: 13.10.2021 09:06