Ny jobb

Gerhard Furø

Gerhard Furø frå Bølandet i Herøy er tilsett som kommersiell direktør i Fosnavåg-baserte Havyard Design & Solutions.

Administrator
11.02.2021
Gerhard Furoe
Furø kjem til Havyard frå ei konsulentstilling i Boatlabs der han dei siste åra har vore utleigd til EMAS AMS og har drive med drift av skip og teknisk og kommersiell oppfølging av nybyggingsprosjekt. Furø har tidlegare blant anna jobba 16 år ved Ulstein Verft som prosjektleiar, prosjektsjef og produksjonssjef. Han har også jobba som kontraktsjef i Rolls Royce Marine, dagleg leiar i MMC Tendos og dagleg leiar for Trico Suppy sitt Fosnavågkontor. Frå 2009 jobba Furø i Aker Marine Contractors med ansvar for teknisk og oppfølging av bygginga av konstruksjonsskipet «AMC Connector» ved det som nå er VARD Søviknes. Sidan 2012 har Furø jobba for EMAS AMC med drifts- og byggjeoppfølgingsansvar blant anna for nybygga «Lewek Connector», «Boa Deep Sea», «Boa Sub C» og «Lewek Inspector», som blei bygd ved Havyard sitt verft i Leirvik.

Publisert: 11.02.2021 09:02

Sist oppdatert: 11.02.2021 09:02