Ny jobb
Håvard Remøy
Håvard Remøy går frå rolla som Finance Manager til CFO/COO i MMC First Process AS.
Administrator
11.02.2021
Remøy er utdanna siviløkonom med spesialisering i finans. Han har tidlegare erfaring som revisor i firmaet Ernst & Young og prosjekt-controller/rekneskapssjef i Marin Teknikk AS.
Han starta som controller i MMC First Process i desember 2016 og blei Finance Manager i januar 2018.
I rolla som CFO/COO vil han ha ansvar for økonomi og finans, strategioppfølging, oppfølging av drift og organisasjons- og forretningsutvikling på tvers av lokasjonane i selskapet.
Publisert: 11.02.2021 09:03
Sist oppdatert: 11.02.2021 09:03