Ny jobb

Harald Sætre

Harald Sætre frå Larsnes er ny konsernsjef i Ulstein Betongindustri.

Administrator
11.02.2021
Harald Saetre
Sætre overtok etter Vidar Moldskred frå årsskiftet. Sætre er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøyskole, og har tidlegare leiarerfaring frå blant anna Breivik kalkverk. Han har sidan 2013 arbeidd ved Ulstein Betongindustri som økonomi- og administrasjonssjef. Han får no ansvar for over 70 tilsette og eit konsern som i 2017 omsette for rundt 140 millionar kroner. Sidan 2013 har Ulstein Betongindustri vore morselskap til dei 100 prosent eigde dotterselskapa Ulstein Betong, Ulstein Betong Marine, Ulstein Betong Utbygging, Ulstein Entreprenør, Ulstein Knuseverk og Ulstein Kran & Transport. Harald Sætre er også ein sentral person i musikk- og dinnershowet Feel It på Larsnes.

Publisert: 11.02.2021 09:03

Sist oppdatert: 11.02.2021 09:03