Ny jobb

Helge Robert Midtbø

Helge Robert Midtbø (52) går frå elbransjen til helsevesenet. 

Administrator
11.02.2021
Helge Robert Midtboe
Helge Robert Midtbø, opphavleg frå Svelgen og busett i Førde, tek til som ny direktør for Kirurgisk Klinikk i Helse Førde frå 1. mai. Midtbø er utdanna elkraftingeniør og har sidan 2008 vore nettsjef i Sunnfjord Energi AS. Midtbø har brei leiarerfaring, i hovudsak frå Siemens AS og INC Vedlikehold, sistnemnde hadde tidlegare vedlikehaldet på Elkem Bremanger. Midtbø har også engasjert seg i organisasjonsarbeid og politikk. Mellom anna har han vore sentral i leiinga av Førde Volleyballklubb, ein av landets fremste både i topp og breidde. Han er medlem i Førde bystyre for Arbeidarpartiet. I Helse Førde skal Midtbø leie eit av fire klinikkområde. Kirurgisk klinikk har 630 årsverk og eit brutto årsbudsjett på 670 millionar kroner.

Publisert: 11.02.2021 09:02

Sist oppdatert: 11.02.2021 09:02