Ny jobb

Håvard Haanes

Håvard Haanes tek over leiarjobben i Brimer etter Jarle Støylen.

Administrator
18.02.2016
Haavard Haanes
Haanes er utdanna sivilingeniør frå NTH og har mellom anna erfaringar som dagleg leiar i Stadt Automasjon AS og seinare i Odim ASA. Der var han med på oppkjøpet og fusjonen inn i Rolls-Royce Marine. Her jobba han tre år som leiar for Deck Macinery Seismic & Subsea. Han har også vore administrerande direktør i Tingstad. Den siste tida har han jobba som sjølvstendig rådgjevar og styremedlem/-leiar i diverse selskap innan maritim næring. Haanes tek formelt til i stillinga 1. april.

Publisert: 18.02.2016 12:09

Sist oppdatert: 11.02.2021 09:02