Ny jobb

Håvard Sætre

Håvard Sætre er tilsett som adm. dir i Optimar Stette.

Administrator
11.02.2021
Haavard Saetre
Sætre er i dag adm. dir. i Vard Electro, og grunnla det som var Haram Electro i 1997. Han har leia selskapet frå starten til i dag, med 1,7 milliardar i omsetning og 950 tilsette i fire verdsdelar. Sætre har også ei rekkje styreleiarverv. Han overtek etter Asbjørn Solevågseide som har leia Optimar Stette sidan det vart grunnlagt i 2003. Solevågseide vil halde fram i selskapet som leiar for salsaktivitetane. Optimar Stette har over 200 tilsette og er ein leiande leverandør av automatiserte løysingar for prosessering av sjømat. Omsetninga er på rundt ein halv milliard kroner.

Publisert: 11.02.2021 09:02

Sist oppdatert: 11.02.2021 09:02