Ny jobb
Inge Bøen
Inge Bøen vert ny toppsjef i Fjordlaks.
Administrator
11.02.2021
Inge Bøen (51) tar over etter Fjordlaks-gründer Anders Pedersen, som held fram som styreleiar i klippfisk- og fiskeoljekonsernet Fjordlaks AS med hovudbase i Ålesund.
Den nye Fjordlaks-sjefen kjem frå stillinga som administrerande direktør i teknologikonsernet Scana Propulsion i Volda.
Før det jobba han i Rolls-Royce.
Fjordlaks er Noregs største klippfiskprodusent med produserer rundt 20.000 tonn produsert klippfisk i året.
Anders Pedersen selde i fjor oppdrettsverksemda Fjordlaks Aqua for over 1,1 milliardar kroner til Hofseth International.
Publisert: 11.02.2021 09:02
Sist oppdatert: 11.02.2021 09:02