Ny jobb

Inger Synnøve Remme

Er tilsett som næringskontakt og rådgivar i Ålesund kommune.

04.08.2022
Remme

Den 1. august starta Inger Synnøve Remme opp i ny stilling som næringskontakt og rådgivar i Ålesund kommune. Remme sine hovudoppgåver vil vere knytta til næringslivet og ho vil vere ein del av kommunalsjef for samfunn, Malin Piegsa, sitt team. Ho vil også vere tilknytta Framtidslaben og oppfølging av partnarane der.

- Politikarane har gjennom næringsstrategien vedteke målsettingar for korleis vi som kommune skal arbeide saman med og overfor næringslivet i åra framover. Næringsstrategien er eit kjempeviktig verkty for kommunen og eg gledar meg til å omsette den frå ord til handling, seier Inger Synnøve Remme, i ei pressemelding.

Inger Synnøve Remme har fram til omorganiseringa i Ålesund kommune vore tilsett som næringssjef i Ålesund kommune. Denne stillinga har ho hatt permisjon frå det siste året for å arbeide med Ungt Entreprenørskap.

Publisert: 04.08.2022 07:10

Sist oppdatert: 04.08.2022 07:12