Janne Garnes Nilsen
Er tilsett som ny politistasjonssjef.
Janne Garnes Nilsen er tilsett som ny politistasjonssjef for Herøy, Sande og Vanylven.
Ho tek over etter Tor Sæther som går av med pensjon til sommaren. Garnes Nilsen kjem frå stillinga som hovudplanleggar og seksjonsleiar for øving og beredskapsplanlegging i Møre og Romsdal politidistrikt. Ho har også hatt rolla som assisterande stabssjef.
Janne Garnes Nilsen har tidlegare vore lensmann for Indre Sunnmøre lensmannsdistrikt (Stranda, Sykkylven, Ørsta og Volda) i ein periode frå 2020 til 2021. Elles har ho lang fartstid i operativ teneste og med etterforsking. Både frå Oslo politidistrikt og frå meir enn ein tiårs-periode ved Ulstein og Hareid lensmannskontor. Ho har spesialkompetanse på etterforsking innanfor grov vald og seksualforbrytingar.
Garnes Nilsen har også erfaring frå operasjonssentralen og som praksisansvarleg og rettleiar for politistudentane. I rolla som hovudplanleggar i politidistriktet
Publisert: 21.03.2023 05:31
Sist oppdatert: 21.03.2023 05:31