Ny jobb

John Arne Winsnes

Skal leie økonomi- og finansavdelinga til Sparebanken Møre.

30.06.2021
Winsnes

John Arne Winsnes (51) skal leie Sparebanken Møre si avdeling for økonomi og finans, og vil inngå i konsernleiinga.

Han kjem frå stillinga som finansdirektør (CFO) i Olympic Subsea ASA, ei stilling han har hatt sidan 2012.

Winsnes er utdanna siviløkonom frå Universitetet Mannheim i Tyskland. I 2009-2012 var han adm. banksjef i Sparebank 1 Søre Sunnmøre, og hadde før dette leiande roller i Aker Yards ASA, ABB Financial Services og GE Capital.

Han tiltrer stillinga i Sparebanken Møre seinast 1. november 2021.

Publisert: 30.06.2021 08:33

Sist oppdatert: 30.06.2021 09:46