Ny jobb
Ken Blindheim
Ken Blindheim er tilsett som framtidsnavigatør i Nye Ålesund kommune.
Administrator
11.02.2021
Blindheim er for tida dagleg leiar i rådgivingsselskapet Ikaro Solutions. Han har doktorgrad i strategisk økonomistyring frå Norges Handelshøyskole og har lang erfaring med tverrfagleg produkt-, prosess- og organisasjonsutvikling.
Stillinga som framtidsnavigatør er den første i sitt slag i Norge. Framtidsnavigatøren har hovudansvaret for å utvikle samabeida den nye kommunen har etablert med næringsliv og akademia. Blindheim skal også utvikle og sette i system den overordna innovasjonsstrategien til nye Ålesund.
Mange av arbeidsoppgåvene er nybrotsarbeid med stort handlingsrom, og for å lukkast må tilsette, innbyggarar og samarbeidspartar vere involverte i arbeidet.
Fram mot 2020 inngår stillinga i prosjektteamet for nye Ålesund kommune.
Publisert: 11.02.2021 09:03
Sist oppdatert: 11.02.2021 09:03