
Måløy Vekst har tilsett Linda MacDonald som prosjektleiar for Måløy Ocean Hub.
MacDonald er frå Torshavn på Færøyene og har ein mastergrad i kommunikasjon og psykologi frå Roskilde Universitet i Danmark. Ho har lang erfaring med marknadsføring og prosjektleiing.
Formålet med Måløy Ocean Hub er å etablere eit felles kontorfellesskap for studentar, forskarar, oppstartsbedrifter og verkemiddelapparat i Måløy. I tillegg skal det vere eit bufellesskap for studentar.
Ein ventar at det vil kome studentar og forskarar til Måløy i samband med etablering av eit marint forskingssenter i Måløy. Stiftinga MMR Ocean Blue har som mål at ein i løpet av ti år skal ha eit institutt med 35 tilsette.
Publisert: 11.02.2021 09:03
Sist oppdatert: 11.02.2021 09:03