Ny jobb
Marielle Furnes Manseth
Marielle Furnes Manseth er tilsett som dagleg leiar i Framtidslaben i Ålesund kommune.
Administrator
11.02.2021
Framtidslaben i Ålesund kommune har som mål å gjere byen smartare og meir berekraftig. Laben har fleire partnarar innan akademia og det private næringslivet.
Furnes Manseth (44) kjem frå ei stilling som konseptsjef i Slettvoll, og hatt fleire leiarrollar hos møbelprodusenten Stokke.
Ho har mastergrad i informatikk og har lang erfaring innan teknologi, produkt- og konseptuvikling, strategi, kommersialisering og å finne berekraftige løysingar.
Publisert: 11.02.2021 09:03
Sist oppdatert: 11.02.2021 09:03