Ny jobb
Marte Fanneløb Giskeødegård
Marte Fanneløb Giskeødegård er ny forskar ved Møreforsking. Ho har master og PhD i Sosialantropologi frå NTNU, spesialisert på organisasjon og arbeidsliv.
Administrator
11.02.2021
Dette opplyser Møreforsking.
Fanneløb Giskeødegård har skrive PhD-avhandlinga: I avhandlinga fokuserar ho på globalisering av arbeidslivet, og ser særleg på samarbeid internt i selskap som opererar internasjonalt.
Viktige tema for henne har vore samarbeid mediert av teknologi, standardisering, betydninga av globale arbeidsprosessar og korleis organisasjonar tilpassar seg det å jobbe i eit miljø som inneber ulike nasjonale og kulturelle kontekstar. Sistnemde også i forhold til tilsette sine arbeidsbetingelsar. Hos Møreforsking kjem ho til å starte med utviklingsprosjekt, som mellom anna omhandlar internasjonale nettverk. Marte skal i starten pendle mellom Trondheim, Volda og Ålesund. I løpet av våren vil Marte og familien vere på plass i Ålesund. Ho kjem då til å ha kontorplass i Ålesund, med regelmessige dagar i Volda.
Publisert: 11.02.2021 09:02
Sist oppdatert: 11.02.2021 09:02