Ny jobb

Nils Petter Støyva

Nils Petter Støyva (51) er tilsett som distriktssekretær i LO Sogn og Fjordane. Støyva er utdanna næringsmiddelingeniør, men mest kjend som ordførar i Stryn i tre periodar.

Administrator
11.02.2021
Nils Petter Stoeyva
Stryningen tek til ny stilling i mars og vert vekependlar til Førde, der han mellom anna skal jobbe med fagforeiningsarbeid, tariff- og arbeidslivsspørsmål, nærings- og utdanningspolitikk. Han går samstundes av som fylkesleiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti, eit verv han har hatt i fem år. Støyva er utdanna ingeniør frå Statens Næringsmiddeltekniske høgskule (1983-86) og har tilleggsutdanning i økonomiske- og administrative fag på til saman 65 vekttal. Han har jobba på meieri og margarinfabrikk og var avdelingsleiar i næringsmiddeltilsynet for Nordfjord frå 1994 til han vart ordførar i 1999. Støyva var prosjektleiar for omstillingsarbeid og næringsutvikling i heimkommunen 2011-2013. 51-åringen var ordførar i Stryn i tre periodar (1999-2011), og han har leia fylkespartiet sidan 2009. Han er medlem i fylkestinget, fylkesutvalet og opplæringsutvalet i Sogn og Fjordane, verv han vil halde fram i.

Publisert: 11.02.2021 09:02

Sist oppdatert: 11.02.2021 09:02