Ny jobb
Odd Arild Sæther
Odd Arild Sæther er tilsett som ny dagleg leiar i Møre Eiendomsmegling.
Administrator
11.02.2021
Sæther kjem frå stillinga som meklar og fagansvarleg i same meklarlforetak, der han har jobba sidan etableringa i 2005.
Han tek over etter Mona B. Sørensen som leia Møre Eiendomsmegling i perioden 2011 til 2017.
Sæther kjem frå Valderøya og er utdanna eigedomsmeklar frå BI. I tillegg har han vidareutdanning som næringsmeklar.
I Møre Eiendomsmegling er det 15 tilsette, som er stasjonerte i høvesvis Ålesund, Molde og Ørsta.
Publisert: 11.02.2021 09:02
Sist oppdatert: 11.02.2021 09:02