Ny jobb

Odd-Arve Jensen

Er tilsett som reiarlagsinspektør og skipper i Teige Rederi.

30.09.2021
Teige

Odd-Arve Jensen er tilsett som reiarlagsinspektør i samband med bygginga av 'Sunny Lady' til Teige Rederi i Herøy. Etter overlevering vil Jensen gå over til stillinga som skipper og ha ansvaret for å ta skipet ut frå verftet.

Odd-Arve Jensen har lang fartstid og brei maritim erfaring frå både fiskefartøy, offshorefartøy og brønnbåtar. Han kjem frå stilling som skipper i brønnbåtrederiet DESS Aquaculture Shipping, og har tidlegare erfaring frå Rem Offshore og på fleire pelagiske fiskefartøy.

Han startar i stillinga i januar 2022.

Publisert: 30.09.2021 10:40

Sist oppdatert: 30.09.2021 10:44