Ny jobb
Ola Helge Hjetland
Ola Helge Hjetland har ansvar for ekstern kommunikasjon i oppdrettsselskapet Marine Harvest.
Administrator
11.02.2021
Hjetland er fødd i 1981 og er frå Kyrkjebø i Høyanger kommune.
Han begynte i januar i stillinga som kommunikasjonssjef med ansvar for ekstern kommunikasjon i Marine Harvest. Hjetland har ansvar for mediehandtering, samt å gi råd til leiinga og andre tilsette i mediefaglege spørsmål.
Tidlegare har Hjetland arbeidd som journalist i NRK Nyheiter på Marienlyst og vore rådgjevar i kommunikasjonsbyrået Burson-Marsteller. Hjetland har studert statsvitskap på masternivå ved Universitetet i Oslo og ved Freie Universität i Berlin. Han er bachelor i statsvitskap med medievitskap frå NTNU i Trondheim.
Publisert: 11.02.2021 09:02
Sist oppdatert: 11.02.2021 09:02