Ny jobb
Pål Aurvåg
Pål Aurvåg frå Leinøya i Herøy er tilsett som ny finansdirektør i Havyard Group.
Administrator
11.02.2021
Aurvåg er 41 år, utdanna siviløkonom innan finans frå Norges Handelshøyskole og kjem frå stillingen som økonomidirektør i Kongsberg Evotec AS.
Han har tidlegare hatt leiande stillingar i Rolls Royce Marine innan innkjøp, forbetring av forretningsprosessar og finans.
Aurvåg vil rapportere til konsernsjefen og vert medlem av konsernleiinga i Havyard Group ASA.
Pål Aurvåg erstattar Karl Eirik Frøysa Hansen som sa opp sin stillinga som finansdirektør i Havyard for å gå over til ei stilling i Olympic.
Publisert: 11.02.2021 09:02
Sist oppdatert: 11.02.2021 09:02