Per Kristian Bratholm
Er tilsett som dagleg drivar på Dale Oen Acadamy Møre.
Dale Oen Academy startar opp med eit alternativt opplæringstilbod for ungdom i Ålesund til hausten, og Per Kristian Bratholm vil frå august av vere Dagleg Drivar av akademiet.
Per Kristian Bratholm er 41 år, busett i Ålesund, utdanna lærar og har i tillegg bachelor i idrett og friluftsliv. Han har mange års erfaring som grunnskulelærer i Oslo og Ålesund og brei erfaring i arbeid med barn og unge. Han har gjennom rolla både som lærar, trenar og rettleiar for studentar sett kor viktig det er å leggje til rette for at den einskilde opplever tryggheit og meistring for å vekse og nå måla sine. I tillegg til å vere ein stødig og trygg vaksen, er han ein aktiv friluftsentusiast! Han trivst både med kajakkpadling, utesymjing, skiturar og overnattingsturar i fjellet og på holmar. Alle desse gode kvalitetane og ferdigheitene sine, skal han no dele med ungdommane han skal vere saman med på Dale Oen Academy.
Dale Oen Academy er eit tilbod for ungdommar i alderen 15-20 år, som er utanfor skule, lære, studiar eller jobb. Det er eit modningsår der ein blir førebudd for vidare skulegang eller arbeidsliv. Det er eit karakterbyggjande år, og vi seier at vi gjev ikkje karakter, men byggjer karakter. Gjennom meistringsopplevingar og aktivitetar, får ungdommane høve til å lære om seg sjølv, om andre og om verda.
I tillegg til dei fysiske aktivitetane jobbar Dale Oen Academy med entreprenørskap og forsking, og samarbeider på tvers med både akademia og næringsliv. Dale Oen Academy Møre er støtta av Sparebanken Møre, og vil ha eit utstrekt samarbeid med lokalt næringsliv. For meir informasjon om akademiet og korleis ein kan søke om deltaking, sjå daleoen.com
Publisert: 12.05.2023 01:42
Sist oppdatert: 12.05.2023 01:42