Ny jobb

Per Kyrre Kvien

Per Kyrre Kvien (43) er tilsett som økonomisjef i Olympic Shipping AS og har flytta til Sunnmøre etter eit langt opphald i Houston, Texas.

Administrator
11.02.2021
Per Kyrre Kvien
Han reiste til USA for å studere og vart der i mange år. 43-åringen har to bachelorgrader i finans og internasjonal handel frå Louisiana State University og ein mastergrad i administrasjon med rekneskap og finans som hovudfag frå Rice University. Kvien grunnla Viking Advisory Group, ei konsulentgruppe med finans og strategi som spesialfelt. Han var også grunnleggar, direktør og styremedlem i MINT National Bank. Han har hatt stillingar i JP Morgan Chase, Texas State Bank og Metrobank, og har har erfaring frå mekling, takst og forsikring. Kvien er av god fiskarslekt på Vartdal. Han var landets fremste mellomdistanseløpar i unge år og var også ein god skiløpar. Han er gift, har fire born og familien har kjøpt hus og busett seg i Ulsteinvik.

Publisert: 11.02.2021 09:02

Sist oppdatert: 11.02.2021 09:02