Peter Pilskog
Er ny adm. dir. i Ulstein Power & Control.
Peter Pilskog er tilsett som administrerande direktør i Ulstein Power & Control AS.
Peter Pilskog har sidan 2013 vore tilsett i Vard Electro, der han har hatt ulike leiande stillingar innan sal. Tidlegare har Pilskog også i meir enn 15 år hatt ulike roller i Ulstein Power & Control, og kjenner dermed selskapet sitt fagområde og historie godt.
- Peter har ein solid marknadsorientert bakgrunn og vi er overtydde om at Peter vil gjere ein framifrå jobb som leiar av Ulstein Power & Control AS, seier Runar Muren, leiar for forretningsområdet Design & Solutions.
- Peter starta i stillinga 1. mars, og vi er glade for å kunne ønske han velkomen tilbake til Ulstein.
Publisert: 01.03.2023 16:08
Sist oppdatert: 01.03.2023 16:10