Ny jobb

Rolf Sanne-Gundersen

Rolf Sanne-Gundersen (48) er tilsett som administrerande direktør i Bano AS, etter 25 år som journalist og redaktør.

Administrator
11.02.2021
Rolf Sanne Gundersen
Bano AS leverer eit komplett baderomskonsept til helsesektoren (institusjonar) og hotell. Bano har hovudkontor på Sandane i Gloppen. Sanne-Gundersen er utdanna lærar, men har aldri praktisert. Frå 1988 til 1992 var han journalist i Firda Tidend, Sogningen/Sogn Avis og Firda. Deretter følgde eitt år i Dagbladet, tre år i TV2 og frå 1997 ein lang periode med ulike funksjonar i NRK, mellom anna som programleiar og programskapar, vaktsjef, redaksjonssjef i NRK Sogn og Fjordane, innanrikssjef i Dagsrevyen og siste fem åra distriktsredaktør i Sogn og Fjordane. Han vart tilsett som administrasjonssjef i Bano i september i fjor. Frå 13. januar er tittelen administrerande direktør og hovudkontoret vart samstundes flytta frå Bergen til Sandane i Gloppen, der Bano også har ein del av produksjonen.

Publisert: 11.02.2021 09:02

Sist oppdatert: 11.02.2021 09:02