Ny jobb

Ruben Relling

Ruben Relling er tilsett som teknisk seljar i Zewo.

Administrator
11.02.2021
Ruben Relling
Med dette styrkjer Eggesbønes-bedrifta sin salsorganisajon og satsing innanfor sine skreddarsydde kjemikalier for industri og næringsmiddel. Relling kjem frå Tess der han dei siste seks åra har jobba som montør og hatt ei rekkje roller innanfor prosjektarbeid, innkjøp og sal. No er den tilflytta sotraværingen klar for nye utfordringar, og gler seg til å ta fatt på dei spennande oppgåvene som ventar på Westinghuset. Zewo er del av Teige Gruppen som har aktivitetar og drift innanfor fiskeri, shipping, eigedom, helse og agentur. Drift, distribusjon og ein rekkje støttefunksjonar vert styrt opp frå lager og administrasjon på Westinghuset.

Publisert: 11.02.2021 09:03

Sist oppdatert: 11.02.2021 09:03