Ny jobb

Silje Marita Lillebø

Er tilsett som innhaldsprodusent hjå Sorentio i Ålesund.

01.11.2021
Innhaldsprodusent Silje Marita Lillebø Sorentio

Ålesund-selskapet Sorentio opplever stor pågang frå kundar som ynskjer å satse på digital marknadsføring. Sorentio utvidar difor teamet, som no tel fem tilsette.

Silje Marita Lillebø er tilsett som innhaldsprodusent og skal mellom anna jobbe med innhald og design til sosiale medier, nyheitsbrev, landingssider og annonsar.

Silje er utdanna innan media, IKT og design frå Høgskulen i Volda og har tidlegare mellom anna jobba som grafisk formgjevar i Kortshop. Silje er òg aktivt med i Giskespelet der ho tek seg av sosiale medier og annonsering.

Publisert: 01.11.2021 08:41

Sist oppdatert: 01.11.2021 08:44