Ny jobb

Siri Endal

Er ny leiar ved fjordhestsenteret.

28.04.2022
Siri E Ndal

Siri Endal frå Nordfjordeid har takka ja til stillinga som dagleg leiar ved Norsk Fjordhestsenter på Nordfjordeid, og tek til i jobben i slutten av mai. Ho har brei hestefagleg bakgrunn og kjenner aktiviteten ved senteret godt heilt frå oppveksten.

Endal er i dag lærar ved Fjordane folkehøgskule.

Ho har brei hestefagleg bakgrunn, utdanning som både ride- og køyrelærar frå Norsk Hestefagskole og lang erfaring med å jobbe innafor dei fleste områda med hest.

I ei pressemelding blir det opplyst at fjordhesten er ein heilt spesiell rase, med ein utsjånad og eigenskapar som skil dei frå dei fleste andre hesterasar. Endal ønskjer at flest mogleg skal oppdage gleda med å få vere med fjordhesten, og vil at folk skal kjenne at Fjordhestsenteret er ein stad dei er velkomne og har lyst å vere. Ho kjenner senteret godt og det var også her ho starta arbeidslivet heilt tilbake i 1995, med mange ulike arbeidsoppgåver. Alt frå turistriding og rideleir, til stallarbeid og avlsarbeid med hingstar og hopper som har ho vore innom.

- Åra på Norsk Fjordhestsenter var på mange måtar med på å definere kven eg vart som person, og kva eg har valt å jobbe med som vaksen. Ei glødande interesse for fjordhesten vart tidleg tend, og den har berre vekst seg sterkare med åra, seier fjordhestentusiasten.

Publisert: 28.04.2022 04:09

Sist oppdatert: 28.04.2022 04:13