Siv Remøy-Vangen
Er ny adm. dir. i Norwegian Electric Systems (NES).
Remøy-Vangen kjem til NES frå stillinga som dagleg leiar i Maritim Bergen, ein regional bransjeorganisasjon for havbaserte næringar med 170 bedrifter.
Ho har ein bachelor i «International Business Management» frå BI, med to års utveksling i Singapore og Malaysia, og i 2017 fullførte ho i tillegg ein Executive MBA frå BI med spesialisering innanfor Offshore og Maritim.
Remøy-Vangen har vore visepresident for prosjektleiing hos TTS, charterer/skipsmeklar hos Odfjell Tankers, og RS Platou, og var ein av grunnleggjarane av Youngship Oslo.
Ho er styreleiar i Ocean Hyway Cluster, norges leiande bransjenettverk for maritimt hydrogen.
Publisert: 22.08.2022 17:57
Sist oppdatert: 22.08.2022 18:00