Ny jobb

Stig Brautaset

Stig Brautaset blir ny administrerande direktør i Sparebank 1 Søre Sunnmøre.

Administrator
11.02.2021
Stig Brautaset
Brautaset kjem frå Danske Bank, der han har arbeidd på hovudkontoret og vore ein del av leiargruppa i Oslo i seks år, og vekependlar frå heimen i Ulsteinvik til hovdukontoret i Oslo. Han tek til i den nye jobben så snart som praktisk mogleg. Brautaset har lang erfaring i bank. Han er utdanna siviløkonom frå BI. Med unntak av eitt år i revisjonselskapet KPMG og som dagleg leiar i for bilforhandlaren Autoservice i Ørsta har han arbeidd i bank heile yrkeslivet.

Publisert: 11.02.2021 09:02

Sist oppdatert: 11.02.2021 09:02