Thomas Haram
Er ny toppsjef i Wattn.
Thomas Haram er tilsett som CEO i Wattn og startar i stillinga i løpet av hausten.
I dag er han administrerande direktør hos ein av dei største møbelprodusentane i Skandinavia, Fora Form. Han har gjennom denne stillinga hatt stort fokus på berekraft, merkevarebygging, digitalisering og eksport.
Thomas Haram skal no lede Wattn med over 50 tilsette fordelt på åtte lokasjonar. Sidan lanseringa i 2021 har Wattn vakse seg til å bli blant dei største straumselskapa i landet. I tett samarbeid med kundane har dei i denne perioden utvikla fleire produkt og tenester for å dekke marknaden sitt behov for innsikt og kontroll over straumforbruket.
- Eg er utruleg glad for moglegheita eg har fått til å lede Wattn. Det er ein bransje som verkeleg har opplevd store endringar dei siste åra. For folk flest er det blitt veldig viktig å ha eit bevisst straumforbruk, både for miljøet og for lommeboka. Volatile prisar, framtidsutsikter om knappe kraftressursar og sterk konkurranse gjer at dette er ein bransje der moglegheitene står i kø.
Publisert: 30.05.2023 13:57
Sist oppdatert: 30.05.2023 13:57