Ny jobb

Øystein Vikingsen Fauske

Øystein Vikingsen Fauske er tilsett som ny direktør for IKT og digitalisering i Ekornes.

Administrator
11.02.2021
Øystein Vikingsen Fauske
Øystein Vikingsen Fauske er utdanna sivilingeniør innan Industriell økonomi og teknologiledelse fra NTNU, og har i tillegg leiarutdanning frå Harvard Business School. Fauske går til Ekornes frå det det internasjonale konsulentselskapet Sopra Steria, der han sist har vore COO (Operating Director) for selskapet sin rådgivingsdivisjon i Skandinavia. Sopra Steria er eit av europas største konsulentselskap, med ca. 40.000 tilsette og tenester innan IKT, digitalisering og rådgiving. Fauske har hatt ulike leiarroller i selskapet dei siste seks åra, og har i tillegg over 10 års konsulenterfaring frå mange ulike verksemder i både offentleg og privat sektor. Hans spesialisering er innan strategisk bruk av teknologi og digitalisering av verksemder.

Publisert: 11.02.2021 09:02

Sist oppdatert: 24.06.2021 20:54