Olav mestad foto ålesund kommune 11
BEKYMRA: Tilfeller med ukjente smittekjelder uroar kommuneoverlege Olav Mestad i Ålesund. Foto: Ålesund kommune
Nytt

Ålesund: Færre nye smittetilfelle enn frykta

Fleire ukjente smittekjelder bekymrar likevel kommuneoverlegen.

Marius Rosbach
29.03.2021


Status måndag ettermiddag er at Ålesund kommune har registrert færre nye smitta enn frykta, som følgje av svært mange smittetilfelle før helga.

Teststasjonen har sett rekord og har testa over 3 000 personar på ei veke. Det har vore testa gjennom heile helga.

Tre nye smittetilfelle
Seint søndag kveld fekk kommunen melding om tre nye smittetilfelle.

Ein person i innreisekarantene vart stadfesta smitta med koronavirus, og er overført til isolasjonsleilegheit. To personar testa positivt på hurtigtest ved luftvegsklinikken seint søndag kveld.

Fleire ukjente smittekjelder
Smittesporing er i gang, opplyser kommunen - som også påpeiker at det er kome fleire positive prøver der smittekjelda er ukjend.

- Det som bekymrar, er at vi oppdagar ein del smittetilfelle utan kjent smittekjelde og at smittetilfella dukkar opp her og der. Det er svært viktig at alle som har symptom, også vage symptom, held seg heime og ber om ein test, uttalar kommuneoverlege Olav Mestad i ei melding på kommunen si heimeside.

I slutten av førre uke var det avdekka eit utbrotrelatert til Blindheim ungdomsskole og ein sportsklubb i Sula. Smittesporing og karantenesetting held fram her.

Samleside for korona Ålesund kommune (ekstern lenke)

Publisert: 29.03.2021 15:47

Sist oppdatert: 29.03.2021 15:50

Mer om
Annonsørinnhold