O Erskog bank styrkar posisjonen
RESULTAT: Godt kvartal for Ørskog Sparebank og banksjef Eirik Kavli.
Nytt

Ørskog-bank styrkar posisjonen

Ørskog Sparebank merkar sterk konkurranse, men veks i nabokommunane til Ålesund.

21.08.2020
Dette går fram av, som banken la fram måndag.
Her går det fram at både innskot og utlån veks, men det blir slått fast at det er stor konkurranse, spesielt rundt refinansiering av bustadlån og ung-segmentet.
Det har også vore lav omsetning av eigedom, spesielt i Ørskog kommune, men banken opplever vekst i andre nabokommunar rundt Ålesund.

Utlånsvekst

Banken har no samla utlån på 2261 millionar kroner, opp 226 millionar kroner frå same kvartal i fjor, noko som er ein auke på 9,4 prosent.
Innskota er på 1845 millionar kroner, ein auke på vel 10 prosent.
Resultatet etter tap og skatt var på 15,4 millionar kroner, 2,3 millionar betre enn i same kvartal i fjor.

- Enkel og tilgjengeleg bank

Banksjef Eirik Kavli er godt fornøgd med resultatet.
- Samspelet mellom personleg rådgiving og gode digitale tenester blir verdsett av kundane, som seier dei ønskjer seg ein enkel og tilgjengeleg lokalbank, seier han.
Renteinntektene var ved utgangen av september på 32,9 millionar kroner mot 30,8 millionar på same tid i fjor.
Betringa skuldast hovedsakleg auka utlånsvolum, reduserte IT-kostnader og auka effektivitet.
Banken har små tap, og har ein forvaltningskapital på 2,6 milliardar kroner.
- Banken har bygd opp ein solid kapitalbase gjennom sin lange historie, og er svært godt posisjonert for å finansiere nye kundar og gode prosjekt, seier Kavli.

Publisert: 21.08.2020 13:29

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:27