- Vi har ei viktig rolle i samfunnet
Tungbilmekanikar Iver Hamre er årets lærling i Møre og Romsdal.
Hamre har vore lærling i bilfaget hos Norsk Scania i Molde, der han har jobba med tunge køyretøy. No er han fast tilsett i bedrifta.
Samrøystes jury
Vinnaren vart både overraska og glad for prisen.
- Det betyr at arbeidet mitt og interessa mi for faget har blitt lagt merke til av mange. Eg trivst veldig godt i bedrifta mi og som mekanikar, og det er svært positivt å få litt blest om dei fine yrkesfaga våre, og det at vi har ei viktig rolle i samfunnet. Slik ei kåring som dette gjer, uttaler Hamre i meldinga.
Kompetanse- og næringsavdelinga i fylkeskommunen tok i mot i alt 30 nominasjonar til kåringa, og det var mange som utmerka seg ut. Likevel stemte juryen samrøystes fram Hamre.
Pengar, diplom og blomster
Ifølgje prøvenemnda jobba vinnaren rett og hurtig under fagprøva. Han har óg eit stort ønske om å utvikle seg og lære nye ting, noko dei meiner er viktig i eit fag som er i så stor endring som bilfaget.
Prisen som består av ei pengepremie på 10 000 kroner, diplom og blomster, blir delt ut på ei samling ved Scandic Alexandra 3. mars.
Publisert: 06.02.2023 10:03
Sist oppdatert: 06.02.2023 11:41