100 millionar til hamn i Gjerdsvika
KAKE FOR HAMNA: Stortingsrepresentant Oskar Grimstad (Frp), Camilla Storøy frå Møre og Romsdal Krf og Sande-ordførar Dag Vaagen feirar Gjerdsvika hamn sin plass i nasjonal transportplan.
Nytt

100 millionar til hamn i Gjerdsvika

Allereie neste år kan det bli byggestart for ny hamn i Gjerdsvika.

27.03.2017
Utbygginga er inne i første periode i nasjonal transportplan, seier stortingsrepresentant Oskar Grimstad (Frp).
Grimstad er i Gjerdsvika for å presenterer utbyggingsplanane i dag.

Djupare og meir areal

Utbygging omfattar utsprenging av grunn i innløpet til hamna, til over sju meters djupn. Inne på hamna skal det mudrast/sprengast til over seks meters djupn.
Lausmassene skal brukast til utfylling både på sørsida og nordsida av Gjerdsvika. Til saman er det snakk om over 50 mål industriområde, medrekna kaier på begge sida av vika.
Utbygginga vil få store positive konsekvensar for Gjerdsvika, seier Ivar Slettevoll i Sanco Shipping. Fem år etter at utbygginga er ferdig kjem det til å ha skjedd mykje, trur han.
- Då tippar eg at halvparten av arealet allereie er utbygd med ein eller annan form for aktivitet, seier han.

Uvanleg høg aktivitet

Til saman 12 bedrifter med 270 tilsette og 700 millionar kroner i årleg driftsinntekter har hovudkontor i Gjerdsvika, med Sanco Shipping, elektronikkselskapet Stadt og fiskematprodusenten Sandanger som dei største.
Måle i høve til folketalet er talt på bedrifter uvanleg høgt, og engasjementet i lokalsamfunnet er ein av grunnanen til at regjeringa og samarbeidspartnarane meiner det er rett å sats på hamneutbygging i Gjerdsvika, sa Grimstad.

Publisert: 27.03.2017 17:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:07