NETT NO/NPK-NTB: Regjeringa foreslår å styrkje rammene for Forsvaret med 115 milliardar kroner til fram til 2036 i den oppdaterte langtidsplanen.
Plane vart lagt fram oi dag. På førehand var det spekulert i at den både ville omfatte auke i løyvingane til Forsvaret, men også kutt i planlagde investeringar og aktivitet.
For næringslivet på Nordvestlandet er det satsingan på Sjøforsvaret som har størst interesse, som leverandørar av utstyrt til dei fem fregattane som skal leverast frå Storbritannia og som skipsbyggarar og utstyrsleverandørar til dei inntil 28 standardiserte skipa Forsvaret skal ha i tillegg til fregattane.
Ut frå det som står i den oppdaterte langstidsplanen ligg det ikkje an til kutt i nokon av desse satsingane.
Tøffe prioriteringar
– Dette vil innebere tøffe prioriteringar i mange år framover. Dette kjem til å få forrang framfor andre område, sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) då han presenterte den oppdaterte langtidsplanen for forsvaret i dag, fredag 27.mars.
Allereie innan 2030 skal det brukast 31 milliardar kroner meir enn tidlegare planlagt.
– Det er viktig for tryggleiken vår, sa Støre.
Han påpeika at Forsvarsbudsjettet allereie har auka frå om lag 65 milliardar kroner då han tok over som statsminister i 2021 – til 180 milliardar kroner i år.
Støre: – Ei farlegare tid
Den noverande langtidsplanen vart einstemmig vedteken av Stortinget i 2024. No er forslaget til endringar klare.
– Etter at vi la fram planen, har verda vorte meir uføreseieleg, og den tryggingspolitiske situasjonen meir alvorleg. No gjer vi nødvendige endringar i planen for å sørgje for ei effektiv utvikling av forsvarsevna vår i møte med ei farlegare tid, seier Støre i ei pressemelding.
Han viser til at prisane på forsvarsmateriell har auka sidan førre plan vart vedteke, og at ein har nye erfaringar frå krigen i Ukraina.
– Derfor legg vi mykje meir pengar inn i langtidsplanen, samtidig som vi gjer krevjande prioriteringar i planen for å styrkje Noregs forsvarsevne raskt.
Framskundar Finnmarksbrigaden
Regjeringa trekkjer fram dette som dei viktigaste prioriteringane i den oppdaterte versjonen:
* framskunde Finnmarksbrigaden med to år, både materiell og personell
* investere meir i stridsavgjerande ammunisjon og forsyningsberedskap
* framskunde innfasinga av nye ubåtar og anskaffing av dei to første fregattane
* oppgradere kritisk forsvarsinfrastruktur for å kunne ta imot og støtte allierte styrkar i Noreg
* støtte tiltak som gir auka produksjonskapasitet for norsk og europeisk forsvarsindustri
* styrke evna til elektronisk krigføring, korthaldluftvern, droneforsvar og autonomi
Fleire kutt
Samtidig foreslår regjeringa ei rekke utsetjingar og reduksjonar i planen:
* Det blir ikkje skaffa langtrekkjande dronar for overvaking og ikkje endå eitt C-130J Super Hercules transportfly utover dagens fire fly * Utsetting av anskaffinga av einingshelikopter til Hæren og spesialstyrkane, som blir planlagde skaffa frå 2032
* Seinare oppbygging av Brigade Sør
* Øvingsaktiviteten i Heimevernet blir redusert
* Kutt i ramma til forsking og utvikling
* Nybygg og standardheving blir nedprioritert der det ikkje er operativt nødvendig, og verdibevaring av eksisterande infrastruktur blir prioritert høgare
* Inga stor satsing på oppgradering av hamn i Tromsø
* Innfasinga av fire nye NASAMS luftvernbatteri blir utsette med eitt år.
– Noko blir utsett når andre ting blir skovne fram, og etter grundige diskusjonar og fagmilitære innspel foreslår vi også nokre kutt, seier forsvarsminister Tore O. Sandvik (Ap).
Høgre: – Krevjande forhandlingar
Førre langtidsplan vart einstemmig vedteken i Stortinget. No står dei andre partia klare til å forhandle om den oppdaterte versjonen.
– Med dette som utgangspunkt blir det krevjande forhandlingar i Stortinget, seier nyvald leiar i utanriks- og forsvarskomiteen, Peter Frølich i Høgre.
Langtrekkjande luftvern burde vore prioritert som noko av det viktigaste saman med Sjøforsvaret og presisjonseld, meiner han.
– Høgre vil vere uhyre skeptiske til å utsetje langtrekkjande luftvern ytterlegare.
Vil jobbe for breitt forlik
MDG-leiar Arild Hermstad meiner derimot at forslaget frå regjeringa er eit godt utgangspunkt for ei tverrpolitisk semje.
– MDG vil jobbe for eit breitt forsvarsforlik på Stortinget, seier han. Forsvarspolitisk talsperson for KrF, Jonas Andersen Sayed, reagerer på at luftvern og øvingar i Heimevernet blir skove på. – KrF står bak forsvarsløftet, og det er uaktuelt å redusere den operative evna i ein oppdatert plan. Eg håpar vi kan finne eit breiast mogleg forlik som står seg, seier han.
Vil prioritere luftvern
Bjørnar Moxnes i Raudt seier at dei ser fram til å forhandle med Arbeidarpartiet og dei andre partia.
– Raudt vil prioritere luftvern, Heimevern og beredskap, og vi har forslag til kva som kan nedprioriterast, seier han.
Venstre-leiar Guri Melby seier at dei er klare for konstruktiv dialog med regjeringa.
– Venstre står fast ved at vi ikkje kan signere på ein forsvarsplan som gir oss eit svakare forsvar. Det er bra at regjeringa gjekk tilbake på å redusere talet på fregattar, seier ho.
Publisert: 27.03.2026 13:52
Sist oppdatert: 27.03.2026 13:53






