124 millionar for nye ferjekaier ved Solavaag og Festoey
KAIER: Slik vert dei nye ferjekaiene i Solavågen (øverst) og Festøya (nederst).
Nytt

124 millionar for nye ferjekaier ved Solavåg og Festøy

Entreprenørselskapet Christie & Opsahl har det billegaste tilbodet på bygging av nye ferjekaier i Solavåg og ved Festøy.

29.08.2018
Christie & Opsahl sitt tilbod er på 124,4 millionar kroner.
Nest beste tilbod har Veidekke med 126,8 millionar kroner, medan pristilbodet frå HAK Entreprenør er på 139,7 millionar kroner.

Avklaring midt i oktober

Det opplyser Statens Vegvesen i ei pressemelding.
- Vi kontrollerer no tilboda og reknar med å inngå kontrakt i midten av oktober.
- Vi startar å bygge like etter kontrakten er signert, seier prosjektleiar Olav Megrund.
Statens Vegvesen opplyser at Solavåg ferjekai er i dårleg forfatning og kan ikkje brukast av elektriske ferjer.
- Vi skal byggje ei ny kai ved sidan av den gamle kaia, seier Megrund.

Kan bli annulerte avgangar

Dagens kai skal rivast når den nye kaia står ferdig i oktober 2019. I byggjetida skal vestdelen av dagens kai brukast som hovudkai.
Ved dårleg vêr med sterk vind er det krevjande å leggje til på vestsida. I verste fall kan avgangar bli forsinka eller annullerte, opplyser Statens Vegvesen.

Ny kai vert reservekai

Betongen på Festøy ferjekai er i dårleg forfatning og må difor byttas ut. Den nye kaia som skal byggjast blir reservekai, medan kaia som blei bygd for nokre år sidan blir hovudkai. Det er også denne kaia som skal brukast i byggjetida.
Den nye reservekaia skal stå ferdig juni 2020.
Reiarlaget som skal drifte ferjesambandet har ansvar for å byggje infrastruktur for lading og fortøying til elektrisk ferje.
Det er planlagt elektrisk drift på sambandet frå 1. januar 2021.

Publisert: 29.08.2018 12:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25