13 milliardar tapt paa korona
TAPTE INNTEKTER: Hotell- og restaurantbransje er hardt råka av koronakrisa, og det går også ut over sjømateksporten frå Noreg. Administrerande direktør Renate Larsen i Norges sjømatråd seier eksporten hadde vore 13 milliardar høgare utan korona.
Nytt

13 milliardar tapt på korona

Norsk sjømatnæring gjekk glipp av 13 milliardar kroner i eksportinntekter i fjor på grunn av koronaepidemien, meiner Norges Sjømatråd.

06.01.2021
Sjømateksporten i 2020 enda på 105,7 milliardar kroner, like under rekorden på 107,2 milliardar frå 2019.

Norges Sjømatråd si berekning er at eksporten hadde vore 13 milliardar kroner høgare om ikkje den verdsomfattande koronaepidemien hadde kome. Det sa administrerande direktør Renate Larsen i Norges sjømatråd på sjømatrådet sin årskonferanse i dag.

Valutahjelp

Medan epidemien og tiltaka mot den trekkjer ned, har valutakursutviklinga trekt motsett veg.
Målt i euro fall verdien av den norske sjømateksporten med 9,4 prosent frå 2019 til 2020 skriv sjømatanalytikar Finn-Arne Egeness i Nordea i eit innlegg i NETT NO.

Ei svak norsk kroner gjorde at nedgangen målt i kroner berre blei 1,4 prosent.

Laksesmell

Oppdrettslaks er det klart viktigast fiskeslaget i norsk sjømatnæring. Lakseeksporten var på 70,1 milliardar kroner i 2020, ein nedgang på tre prosent, men likevel den nest høgste eksportverdien for laks nokon gong.
I første kvartal 2020 var spotprisen for laks rundt 70 kroner kiloen, i desember 48 kroner kiloen. Oppdrettarane kan vente seg ytterlegare smellar i år, meiner Egeness, før han håpar koronavaksinering gjer at laksemarknaden normaliserer seg i tredje og fjerde kvartal i år.
Prisen i første kvartal 2021 vil vere dramatisk lågare enn i første kvartal i 2020, komande reforhandlingar av langsiktige avtalar vil ende med "betydelig lavere" prisar til oppdrettarane enn før epidemien og prisane i det viktige påskesalet vil også gå ned samanlikna med i 2019.

Publisert: 06.01.2021 13:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:10