14 millionar til Arctic Nutrition
LEGEMIDDELSATSING: Per Christian Sæbø, Ole Arne Eiksund (begge Arctic Nutrition), Helge Gjerde (Innvoasjon Norge)  Åge Nærdal (Arctic Nutrition), Ingvill Stene Kjerstad (Innovasjon Norge) og Anja Solevågseide i Pir Invest.
Nytt

14 millionar til Arctic Nutrition

Arctic Nutrition får 14 millionar kroner i støtte frå Innovasjon Norge.

20.11.2019
Pengane skal brukast til å "utvikle produksjonsprosessen for legemiddel i henhold til internasjonal standard for legemiddelproduksjon", skriv Arctic Nutrition i ei pressemelding.
Arctic Nutrition har utvikla eit middel for behandling av psoriasis basert på silderogn. Middelet har vore gjennom eitt større forsøk for bli vurdert som legemiddel, og skal gjennom ytterlegare og større forsøk.

Industrielt pilotanlegg

I dag var mellom andre Arctic Nutrition-sjef Ole Anre Eiksund på besøk hos Innovasjon Norge i Ålesund for å markere at Innovasjon Norge gir 14 millionar kroner i støtte.
- For oss er dette eit relativ stort tilskot, seier Helge Gjerde i Innovasjon Norge.
Målet er å bidra til å få fram eit legemiddelselskap i Møre og Romsdal.
Arctic Nutrition treng eit pilotanlegg for industriell produksjon til den tredje og største vitenskaplege studien av produktet sitt. Det er det pengane frå Innovasjon Norge skal vere med og finansiere.

Fabrikk i Ørsta

Planen til Arctic Nutrition er å bygge fabrikk i Ørsta.
Utvikling av produksjonsprosessen er venta å koste mellom 35 og 40 millionar kroner og skal gjennomførast saman med det franske selskapet Corden Pharma.
Den samla investeringa som må til er langt større.
- Totalkostnaden for dette utviklingsløpet vil trolig ligge på 200 - 300 millionar kroner, seier administrerande direktør Ole Arne Eiksund i Arctic Nutrition.
Målet er å få legemiddelgodkjenning innan fire år.

280 millionar

kro

ner

I april i år gjennomførte Arctic Nutrion ei kapitalutviding som verdsette selskapet til 280 millionar kroner.
Selskapet Pir Invest IV gjekk inn med 39 millioner kroner og fekk 14,6 prosent av aksjane.
Pir Invest er eit investeringsselskap basert på Nordvestlandet.

Dagleg leiar Ole Arne Eiksund seier planen er å gjennomføre ein ny emisjon neste sommar, for å finansiere den tredje og største studien av produktet.

Publisert: 20.11.2019 12:23

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:45