150 millionar kroner til ekstra drift av ferjer
SULESUND: Etter sterke protestar, vert det no sett av 150 ekstra millionar kroner til ferjedrifta.
Nytt

150 millionar kroner til ekstra drift av ferjer

Vestland fylke får 110 av desse millionane.

11.06.2020
NPK: Regjeringspartia og Frp har vorte einige om å setje av 150 millionar kroner ekstra til drift av ferjer på fylkesvegane.
Det er sett av 150 millionar ekstra til ferjefylka for drift av fylkesvegferjer i forslaget til revidert nasjonalbudsjett frå regjeringa. Av desse går 110 millionar til Vestland fylke, skriv fleire medium.
– I forhandlingane har Frp bidratt til å vri satsinga til regjeringa over på dei fylka som har gått føre for elektrifisering av ferjene, seier fylkespolitikar Terje Søviknes til .

Dyr elektrifisering

Elektrifiseringa av ferjene har ført til auka kostnader for fylka, noko som har bidrege til stor auke i billettprisane. Stortingspolitikar Helge André Njåstad (Frp) har forhandla fram semja saman med blant andre Høgre-politikar Ove Trellevik.
Både fylkesordførar Jon Askeland (Sp), KrFs Trude Brosvik og Venstres Alfred Bjørlo uttrykkjer at dei er nøgde med potten.
Fylkesvaraordførar Natalia Golis (Mdg) er overraska over at dei får såpass, men meiner det framleis er for lite.
– Vi har ekstrautgifter på 300 millionar i samband med elektrifiseringa. Men dette var absolutt meir enn eg såg for meg, seier ho til BT.

Publisert: 11.06.2020 15:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58