150 millionkontrakt til Rolls Royce
REKORD: Kontrakten på 150 millionar kroner for åutvikle og levere utstyr til nybygget "Artic Fjord" er den største Rolls-Royce Marine har inngått for eit fiskefarty.
Nytt

150-millionkontrakt til Rolls Royce

Skal levere utstyr til 100 meter lang amerikansk trålar.

11.06.2018
Det er Arctic Storm Management Group i Seattle som skal ha det nye fiskefartyet, til pelagisk tråling etter pollock og torsk i det nordlege Stillehavet.
Skipet skal byggast av Thoma-Sea Marine Constructors i Louisiana og får plass til over 150 personar.
Fartyet får anlegg for filetering, surimi, fiskemel og fiskeolje, i følgje ei pressemelding frå Rolls-Royce Marine. Kontrakten er den største einskildkontrakten på eit fiskefarty som Rolls-Royce Marine har inngått, heiter det i pressemeldinga.
Rolls-Royce Marine har både teikna skipet og skal levere utstyr.

Publisert: 11.06.2018 15:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:22