Stig Remøys Olympic Group-konsern auka inntektene kraftig i fjor, og lønsemda enda meir (sjå tabell under).
Men resultatet kunne sett enda betre ut hadde det ikkje vore for striden rundt krilltrålaren til Rimfrost-selskapa, der Olympic Group eig 73,5 prosent av aksjane gjennom selskapet Rimfrost Holding.
Ifølgje årsmelding til Olympic Group omfattar finanskostnadane i 2024 mellom anna tap på 103,8 millionar kroner knytt til den kansellerte byggekontrakten.
Offshore tel mest
Det er Olympic Group sin flåte av offshorefartøy for olje-/gassbransjen og vindkraftbransjen som veg tyngst i rekneskapen,.
Heile 1,7 av konsernet sine inntekter på 1,8 milliardar kroner i fjor skriv seg frå offshoreverksemda. Så seint som i februar i år bestilte Olympic to store konstruksjonskip ved eit kinesisk verft.
| Olympic Group as | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 1831,4 | 1272,9 |
| Driftsresultat | 922,4 | 510,2 |
| Resultat før skatt | 664,5 | 373,4 |
Krev erstatning
Målt i medieomtale må imidlertid offshoresatsinga konkurrere med satsinga på krillfiske ved Antarktis.
Krilltrålaren til Rimfrost skulle opphavleg i fiske i farvatna rundt Antarktis allereie i 2022. Skroget og mykje av utrustninga skulle gjerast ferdig hos Tersan Shipyard i Tyrkia, før fabrikken som skulle prosessere krillfangsten skulle settast inn av Westcon i Noreg.
I staden blei det forseinkingar, full strid mellom Westcon og Rimfrost om vilkår og betaling, kansellert kontrakt og deretter strid rundt voldgiftsaka som skal fastsette oppgjeret etter den kansellerte kontrakten.
Rimfrost har varsla erstatningskrav mot både Westcon-selskapa som er kontraktsmotpart og styret i dei to selskapa. Kravet skal mellom anna dekke tapsavsetninga i 2024-rekneskapen.
Strid om bevis
Ei voldgiftsak er ei privat rettsaksliknande tvisteløysingmetode, som ikkje er offentleg. Det er en måte som partane på førehand avtalar for å avgjere eventuelle konfliktar på, til dømes i ei skipsbyggingskontrakt.
Då årsmeldinga for 2023 vart lagt fram i fjor sommar rekna Olympic Group med at voldgiftsak skulle starte hausten 2024.
Men partane strides om kva bevis som skal leggast fram i voldgiftsaka. Det har forseinka voldgiftsaka. Rimfrost har gått til sak både mot Westcon-selskap og DnB for å få fram informasjonen om kva som skjedde i samband med kanselleringa som Rimfrost meiner må på bordet.
No ventar Olympic Group at voldgiftsaka startar i haust, går det fram av årsmeldinga for 2025.
Ventar på politisk avklaring
I vinter kjøpte Rimfrostkonkurrenten Aker Qrill Company det nesten ferdige fartøyet, som no er under ombygging. Det amerikanske eigarskapet i Aker Qrill Company, og dermed også kontrollen over fartøyet, er til vurdering i Nærings- og Fiskeridepartement.
Departementet skal vurdere om det amerikanske eigarskapet er i samsvar med reglane om norsk majoritetseigarskap i norske fiskerselskap.
Publisert: 14.08.2025 09:29
Sist oppdatert: 14.08.2025 09:29






