Ålesund-selskapet Norwegian Hydrogen skal bygge ein hydrogenfabrikk til 750 millionar kroner på Rjukan.
I dag fekk selskapet vite at det får 13,2 millionar kroner - 153 millionar kroner - i støtte frå EUs Hydrogenbank for å bygge fabrikken.
I tillegg har Innovasjon Norge gitt grønt lys for å støtte prosjektet med 50 millionar kroner i tilskot og eit grønt vekstlån på ytterlegere 50 millionar kroner, skriv Norwegian Hydrogen i ei pressemelding.
Anlegg på Hellesylt
Norwegian Hyrdogen opna i fjor sitt første produksjonsanlegg, på Hellesylt. Det hadde ein prislapp på 100 millionar kroner.
Norwegian Hydrogen produserer hydrogen ved å spalte vatn i hydrogen og oksygen ved elektrolyse. Ved å bruke straum frå fornybare energikjelder, som vasskraft, blir hydrogen ein energiberar som ikkje gir utslepp av CO2.
Anlegget på Rjukan får en elektrolysekapasitet på 25 MW og selskapet har fått tildelt den straumen det har søkt om.
Publisert: 20.05.2025 14:57
Sist oppdatert: 20.05.2025 15:00






