1600 kan miste bonusen
TANKEVEKKJAR: - Eg er ikkje veldig bekymra, men det er klart det var ein tankevekkjar då vi måtte gå ned til firedagars veke tidlegare i haust, seier tillitsvald Asbjørn Sjåstad.
Nytt

1600 kan miste bonusen

Med ei ytterlegare svekking av resultatet for Ekornes på slutten av året, kan bonusen for 1600 tilsette ryke.

Ivar Myklebust Longvastøl
18.11.2013
Ved utgangen av september var oppsamla bonus 8,3 millionar, i snitt kring 5500 kroner per tilsett – under føresetnad av at Ekornes klarer over 10 prosent driftsmargin for heile 2013.
Møbelkonsernet la fram eit driftsresultat per tredje kvartal på 216 millionar kroner, av ein omsetnad på vel 1,9 milliardar i årets ni første månader (sjå faktaboks). Det gir ein driftsmargin på 11,2 prosent så langt i år. Bonusgrensa går på 10 prosent.

Har god magekjensle

- Marginen per tredje kvartal er den lågaste på mange år, men vi leverer gode tal ut frå marknadssituasjonen. Magekjensla mi tilseier at det vert bonus, seier Asbjørn Sjåstad (50), hovudtillitsvald for dei kring 1000 Ekornes-tilsette som jobbar på fabrikkane i Sykkylven.

Tek det som kjem

Bonusordninga vart innført i 1998 og har gitt møbelprodusenten mykje positiv merksemd. I periodar har det vore lange ventelister for å få jobb i bedrifta og framleis er Ekornes ein attraktiv arbeidsplass.
- Kor viktig er bonusen?
- Alle set pris på bonus, og den er eit signal på at vi driv ganske bra, seier Asbjørn Sjåstad
- Er du redd for at den kan ryke?
- Kjem vi under 10 prosent, får vi ikkje bonus, men vi tek det som kjem, seier tillitsmannen.

Ei ekstra månadsløn

Dersom konsernet ved utgangen av året leverer eit overskot på drifta mellom 10 og 13 prosent av omsetnaden, får alle tilsette som ikkje har anna bonusordning utbetalt 21 prosent av månadsløna si. Når driftsmarginen stig ytterlegare, aukar bonusen etter ein skala som stoppar på 139 prosent av ei månadsløn.
- Tre gongar har vi fått utbetalt ei ekstra månadsløn, og det er bra med pengar, men då har vi klart over 20 prosent driftsmargin. Eg trur ikkje at vi kjem tilbake til tider med slike marginar, seier Asbjørn Sjåstad som har vore hovudtillitsvald for dei Ekornes-tilsette i Sykkylven i snart 12 år.

Nedgang world wide

Ekornes ASA la fram rekneskap per 3. kvartal 2013 som viser nedgang i alle marknader samanlikna med same periode i fjor, med eitt unntak. I USA og Canada selde Ekornes for 438 millionar kroner i årets ni første månader, ein vekst på 7,5 prosent i høve til 2012.
”Ordreutviklingen for Ekornes må sees i forhold til det negative, internasjonale markedsbildet og utviklingen i det møbelsegmentet Ekornes befinner seg. I så måte må ordreutviklingen for Ekornes sies å være tilfredsstillende, men lavere enn forventet”, skriv styret i rapporten per 3. kvartal.

Skjerpa konkurranse

Administrerande direktør Nils-Fredrik Drabløs seier det har vore lågare etterspørsel etter møblar sidan finanskrisa slo inn i 2008. Konkurransen er skjerpa på pris, produkt og marknadsarbeid.
- Vi jobbar kontinuerleg for å tilpasse oss situasjonen i dei ulike marknadene og med å få opp produksjonsgevinsten i fabrikkane. Konkurransekraft knytt til produksjon i Norge er krevjande. Ekornes må ha ei inntening som gjer at vi kan investere, seier Drabløs.

Lågare lønsvekst

Hovudtillitsvald Asbjørn Sjåstad seier at dei tilsette er villige til å strekkje seg langt for å sikre arbeidsplassane, noko dei også har vist i lokale lønsforhandlingar.
- Vi har ikkje følgt dei som har hatt auke på 3-5 prosent, det har vi ikkje hatt rom for, men har lege på 1-2,5 prosent. Vi bur på ein liten plass og er avhengig av arbeidsplassane her, og vi tener godt. Det vil vere ris til eigen bak å setje høge krav viss vi ikkje har vekst i produktiviteten, seier Sjåstad.

Firedagars veke

- Korleis ser du på framtida?
- Eg er ikkje veldig bekymra, men det er klart at det var ein tankevekkjar då vi måtte gå ned til firedagars veke tidlegare i haust. Det er akseptabelt for ein kortare periode, i staden for at ein liten del av dei tilsette skal ta heile belastninga, og vi fekk også betalt 50 prosent for den dagen vi ikkje var på arbeid. Vi er nøydde til å tenkje arbeidsplassar heile vegen, seier Sjåstad.
Kjem vi under 10 prosent, får vi ikkje bonus, men vi tek det som kjem

Publisert: 18.11.2013 18:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:30