19 prosent auke i hotellbesoeket
OPPSVING TAKKA VERE NORSKE GJESTAR: Hotelldirektør Sigmund Vika og kollegane på Sagafjord Hotel på Sæbø selde mellom 20 og 25 prosent fleire rom i august i år enn i august 2019, og 98 prosent av gjestane var nordmenn. Den gode utviklinga held fram i august, med nesten like stor auke og omlag 10 prosent utlendingar. 
Nytt

19 prosent auke i hotellbesøket

Norske gjestar meir enn erstatta utlendingane i juli. Hotella i Møre og Romsdal auka besøket med 19 prosent. 

01.09.2020
NPK-NTB/NETT NO: Berre Agder (pluss 25 prosent) hadde større auke i talet på overnattingar i juli enn hotella i Møre og Romsdal, viser overnattingsstatistikken til Statistisk Sentralbyrå.
Hotelldirektør Sigmund Vika på Sagafjord Hotel på Sæbø er ein av dei som dreg gjennomsnittet opp, med mellom 20 og 25 prosent auke i juli, og nesten like stor auke i august.

Litt ned på landsbasis

Etter fire månader på rad med solid nedgang, var talet på overnattingar i juli nesten som normalt, med ein nedgang på 3,1 prosent samanlikna med juli i fjor.
Overnattingsstatistikken til viser at det samla var 6,4 millionar overnattingar på norske hotell, campingplassar og utleigehytter i juli.

Fleire nordmenn

På grunn av koronasituasjonen var det ei kraftig endring frå utanlandske til norske overnattingar. Talet på norske overnattingar auka nemleg med heile 39 prosent, medan utanlandske overnattingar fall med heile 79 prosent.
Oppmodinga frå regjeringa om å leggje årets ferie til Noreg vart følgd av dei aller, aller fleste. Det viser SSB-tala tydeleg. Norske overnattingar på hotell auka med 35 prosent, på campingplassar med 40 prosent, og på hyttegrender og vandrarheimar med 65 prosent.

Stor nedgang for Oslo-hotella

Hotellbransjen sleit likevel mest. Fleire hotell var stengde, og særleg dei som tradisjonelt har flest utanlandske gjester, fekk problem.
Det var i alt 9 prosent færre overnattingar på norske hotell i juli i år samanlikna med same periode i fjor. Utanlandske overnattingar gjekk ned med heile 83 prosent.
På Svalbard vart talet på hotellovernattingar redusert med 51 prosent og i Oslo med 47 prosent. I Agder og Møre og Romsdal auka talet på hotellovernattingar med høvesvis 25 og 19 prosent.

Publisert: 01.09.2020 11:20

Sist oppdatert: 26.05.2021 09:14