Sparebanken Møre
UTBYTTE: Sparebanken Møre vil dele ut 198 millionar kroner til eigenkapitalbeviseigarane og 200 millionar kroner til samfunnsnyttige formål etter 2022. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

198 millionar til eigenkapitalbevis-eigarane

Sparebanken Møre auka lønsemda.

26.01.2023

- Vi legg bak oss eit år med høg aktivitet og sterkt utlånsvekst, seier administrerande direktør Trond Lars Nydal i Sparebanken Møre i ei pressemelding.

Les børsmelding her

Banken auka både inntekter og overskot - både i kroner og i høve til inntektene i fjor.

Utlånsvekten til personkundar auka med 6,9 prosent i siste 12-månadersperiode og 12,7 prosent til bedriftskundar.

Større utbytte
Sparebanken Møre er delvis sjølveigd (50,35 prosent) og eigd av eigenkapitalbeviseigarane (49,65 prosent).

Etter 2021 betalte banken ut 3,20 kroner per eigenkapitalbevis, etter 2022 foreslår banken å betale ut fire kroner per eigenkapitalbevis. Det tilsvarar 198 millionar kroner til fordeling mellom eigenkapitalbeviseigarane.

Pedersen-familien i Ålesund er største eigenkapitalbeviseigar, med 9,94 prosent eigarandel, gjennom selskapet Cape Invest.

Utbyttet til eigenkapitalbeviseigarane utløyser ei tilsvarande utdeling av midlar til samfunnsnyttige formål på 200 millionar kroner.

Sparebanken Møre

4. kvartal. I mill. kroner

20222021
Inntekter534380
Resultat før tap318206
Resultat før skatt316201
Sparebanken Møre
Pr. 4. kvartal. I mill. kroner20222021
Inntekter17561528
Resultat før tap1009882
Resultat før skatt1013833

Publisert: 26.01.2023 07:43

Sist oppdatert: 26.01.2023 11:25

Mer om