Nytt
20 prosent fall i oljeinvesteringane
Oljeselskapa vil redusere investeringane i oljeutvinning med 100 milliardar dollar på verdsbasis i år. Grunnen er koronaepidemien.
08.04.2020
Analyseselskapet Rystad Energy kom 7. april med den femte utgåva av selskapet si analyse av koronaepidemien , og konsekvensane av den.
Vurderingane har blitt meir pessimistiske for kvar utgåve.
I den ferskaste analysen anslår Rystad Energy at oljeetterspørselen no er redusert med 27 millionar fat om dagen. I fjor var gjennomsnittsforbruket 99 millionar fat om dagen.
Produksjonen er ikkje kutta i takt med etterspørselssvikten og snart er lagerkapasiteten for olje sprengt.
Rystad Energy anslår eit fall i investeringane i oljeutvinning og oljeleiting på 100 milliardar kroner, cirka 1000 milliardar norske kroner, i år. Det er pengar som mellom anna skulle brukast til å kjøpe utstyr frå norske utstyrsprodusentar og leige skip frå norske offshorereiarlag.
Fallet er samanlikna kva som var forventa investeringar i år, før koronaepidemien kom. Det utgjer et fall på 20 prosent.
Vilkåret for at denne spådommen skal slå til, i følgje Rystad Energy, eit ein oljepris på 34 dollar fatet i gjennomsnitt i år og 44 dollar fatet i 2022. Bli oljeprisen lavare blir investeringskutta større.
I denne episoden kan du høyre regiondirektør Espen Remme i NHO Møre og Romsdal og direktør Helge Gjerde i Innovasjon Norge Møre og Romsdal snakke om korleis bedriftene blir treft av koronakrisa - og kva som blir gjort for å hjelpe dei.
Vurderingane har blitt meir pessimistiske for kvar utgåve.
I den ferskaste analysen anslår Rystad Energy at oljeetterspørselen no er redusert med 27 millionar fat om dagen. I fjor var gjennomsnittsforbruket 99 millionar fat om dagen.
Brukar mindre
Etterkvart som land etter land bremsar aktiviteten i samfunnet blir det færre og færre bilar og fly som treng drivstoff. Det sender etterspørselen etter olje rett ned.Produksjonen er ikkje kutta i takt med etterspørselssvikten og snart er lagerkapasiteten for olje sprengt.
Investerer mindre
Det kraftige fallet i oljeforbruket, saman med prisfall på olje, har fått oljeselskapa til å sette bremsene på.Rystad Energy anslår eit fall i investeringane i oljeutvinning og oljeleiting på 100 milliardar kroner, cirka 1000 milliardar norske kroner, i år. Det er pengar som mellom anna skulle brukast til å kjøpe utstyr frå norske utstyrsprodusentar og leige skip frå norske offshorereiarlag.
Fallet er samanlikna kva som var forventa investeringar i år, før koronaepidemien kom. Det utgjer et fall på 20 prosent.
Vilkåret for at denne spådommen skal slå til, i følgje Rystad Energy, eit ein oljepris på 34 dollar fatet i gjennomsnitt i år og 44 dollar fatet i 2022. Bli oljeprisen lavare blir investeringskutta større.
I denne episoden kan du høyre regiondirektør Espen Remme i NHO Møre og Romsdal og direktør Helge Gjerde i Innovasjon Norge Møre og Romsdal snakke om korleis bedriftene blir treft av koronakrisa - og kva som blir gjort for å hjelpe dei.
Publisert: 08.04.2020 19:56
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56