Ekornes aukar prisane
Rekordstor ordrereserve for møbelprodusenten. Har auka prisane.
Ekornes-konsernet fekk først eit oppsving av at folk pussa opp og fornye møblementet etter at koronapandemien kom. Deretter kunne møbelprodusenten, med hovudkontor og -produksjonsanlegg i Sykkylven nyte godt av å vere leveringsdyktig medan andre konkurrentar sleit.
Lenge greidde også Ekornes å demme opp for kostnadsauken i varer og transport, men i fjerde kvartal i fjor kom kostnadsauken også til Ekornes, og det vises i svakare lønsemd i 4. kvartal (sjå tabell)
Selskapet har allereie sett opp prisane med seks til ti prosent, seier konsernsjef Roger Lunde til NETT NO. Når den prisauken har fått full effekt skal lønsemda vere attende på same nivå som 2021 under eitt.
Treng fleire folk
I løpet av 2021 auka Ekornes talet på tilsette med 270, og for heile konsernet med 475. Konsernet har no 1322 tilsette i Noreg og 1999 i utlandet.
Lunde seier Ekornes skal vekse vidare og treng fleire folk også i år.
Rekordtjukk ordrebok
Sjølv om veksttakta avtok i 4. kvartal gjekk Ekornes-konsernet ut av 2021 med 24 prosent auke i driftsinntektene.
Konsernet starta 2022 med ein ordrereserve på 1,4 milliardar kroner, den høgaste nokon gong.,
Stressless-stolar og -sofaer er det klart viktigast forretningsområdet, med 3167 millionar kroner i driftsinntekter og eit driftsresultat på 418 millionar kroner i 2021.
Datterselskapet IMG, som lagar sine stolar i utlandet, hadde 850 millionar kroner i driftsinntekter og eit driftsresultat på 93 millionar kroner.
Svane, madrassprodusenten i Fetsund, hadde 301 millionar kroner i driftsinntekter og seks millionar kroner i driftsresultat i 2021.
EKORNES QM HOLDING AS | ||
4. kvartal. I mill.kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 1174 | 1121 |
Driftsresultat | 89 | 196 |
Resultat før skatt | 41 | 127 |
EKORNES QM HOLDING AS | ||
Pr. 4. kvartal. I mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 4318 | 3482 |
Driftsresultat | 514 | 363 |
Resultat før skatt | 338 | 178 |
Publisert: 28.02.2022 09:17
Sist oppdatert: 16.05.2022 14:13