26 millionar i Baatbygg utbytte
TENER PENGAR: Båtbyggsjef og hovudaksjonær Kjell-Inge Sjåstad er ein av verftsleiarane på Nordvestlandet  som kan legge fram eit godt resultat etter 2019.
Nytt

26 millionar i Båtbygg-utbytte

Båtbygg-eigarane har tatt ut tilsaman 26 millionar kroner etter gode resultat for skipsverftet i 2018 og 2019.

08.09.2020
Hovedaksjonær er dagleg leiar Kjell Inge Sjåstad, som eig 20,7 prosent i Båtbygg as gjennom familieselskapet Save Invest. I tillegg eig han og Cato Fivelstad til saman 21,6 prosent gjennom sitt 50/50-eigde investeringsselskap Aktin II. Sjåstad er og medeigar i selskapet Katja, som eig 4,5 prosent av Båtbygg-aksjane.
Gunnar Carlson eig 13,5 prosent i Båtbygg gjennom sitt investeringsselskap Brothers, finansdirektør Trond Gangsø eig 4,5 prosent direkte og ni prosent gjennom selskapet TE Vekst as. Roger Silden og Bjørn Hagevik eig 4,5 prosent kvar.
Selskapet har i alt ti aksjonærar, medrekna aksjeposten på 10 prosent som Båtbygg har i eige selskap.
Etter 2018 tok eigarane ut 12 millionar kroner i utbytte, etter 2019 blei utbyttet 14 millionar kroner.

Reparasjon og ombygging

I sommar leverte Båtbygg fiskebåten Cape Arkona til det australske fiskeriselskapet Austral Fisheries. Då var det omlag ti år sida verftet sist hadde levert eit nybygg.
Verftet har spesialisert seg på ombyggingar, vedlikehald og reparasjonar.
Då Cape Arkona vart levert før sommarferien hadde Båtbygg allereie fyll opp med reparasjon-, vedlikehald- og ombyggingsoppdrag til godt inn i 2021.

Verftet i tidlegare Vågsøy kommune hadde 46 tilsette ved utgangen av 2019.

Solid økonomi

Båtbygg har gått med overskot kvart år sidan 2004.
Selskapet hadde ein bokført eigenkapital på 51 millionar kroner ved årsskiftet, ikkje langsiktig gjeld og hadde tilsaman 39 millionar kroner i banken og i kassa ved utgangen av 2019.

Publisert: 08.09.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:02