2700 nye arbeidsplassar i nordvest fjor
NØGD: Regional- og næringssjef Bergljot Landstad i Møre og Romsdal gler seg over at det for første gong etter oljeprisfallet, vart registrert fleire sysselsette i fjor.
Nytt

2700 nye arbeidsplassar i nordvest fjor

Mange av arbeidsplassane som gjekk tapt i oljekrisa er henta inn att.  

Marius Rosbach
28.02.2019
Ferske tal frå Statistisk sentralbyrå viser at veksten i talet på sysselsette på Nordvestlandet snudde i løpet av fjoråret.
Samla for Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane vart det registert ein vekst på 2738 sysselsette i løpet av 2018. Langt dei fleste – 2186 kom i Møre og Romsdal, medan 552 kom i nabofylke i sør, ifølgje.
Det er verdt å merke seg at 287 sysselsette ved NTNU Ålesund ved ein feil vart registrert i Trøndelag i 2017. Dei er lagt inn at i 2018-tala, som betyr at den reelle auken er på 1899 sysselsette for Møre og Romsdal.

– Krevjande omstilling

Regional- og næringssjef Bergljot Landstad ser med glede på at utviklinga i landsdelen har snudd for alvor. Etter oljeprisfallet nådde kysten frå 2014 og åra etterpå, gjekk mellom fire og fem tusen arbeidsplassar tapt. 2018 vart det første året med vekst etter nedturen.
– Møre og Romsdal har vore gjennom ei krevjande omstilling etter oljenedturen, og mange har stått hardt på for å skape ny vekst. Endeleg ser vi tal som stadfestar at utviklinga går i riktig lei, seier Landstad til til fylkeskommunen.

To av tre i næringslivet

To av tre nye arbeidsplassar i hennar fylke har kome i næringslivet, spesielt innan yrker som tekniske konsulentar, transport, eigendom og fiske/havbruk. Også kommunal sekor har hatt ei auke på meir enn 500 nye sysselsette.
Fylkeskommunen har jobba for å skape vekst i statlege arbeidsplassar, og arbeidet har hausta frukter. 163 nye sysselsette vart fasiten i fjor, og mange av desse var innafor høgskulane og helseforetaket.

Under landssnittet

Veksten i talet på sysselsette i dei to vestlandsylka ligg likevel under landsgjennomsnittet. I Møre og Romsdal utgjorde veksten 1,7 prosent av heile arbeidsstokken mellom 15 og 74 år, medan den i Sogn og Fjordane låg på 1,0 prosent.-
Heile landet opplevde ein vekst på 2,1 prosent – eller drygt 56.400 fleire sysselsette frå 2017 til 2018.

Publisert: 28.02.2019 14:54

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31